søndag 28. februar 2010

Overraskingsbesøk

For ein stakkar NTNU-student fins det ingen vinterdvale, så då var det jammen godt at Ingvild kunne ta turen nordover denne veka, om enn fullstendig uventa frå mi side. I den tru at mi kjære skulle kome neste helg, laga eg meg middag mandags ettermiddag, då det plutseleg ringte på døra mi. I døra vart eg møtt av eit vakkert, smilande ansikt, SÆRS nøgd med å ha overraska meg!

Sjølv om eg har hatt skule denne veka, har vi både fått slappa av og besøkt folk, til og med litt OL har det blitt. På fredag var vi på Viggja på middagsbesøk hos Hallgeir og Mildfrid, og vi besøkte Arnhild, den nyfødde dottera til Ingvild si stesøster Anne. Ingvild fann ut at ho kledde veldig godt å ha ein baby i armane.

På laurdag, etter eit aldri så lite kafebesøk, var det taco hos nokre kompisar av meg, før vi for på laurdagsmøte på Salem. Andeleg påfyllt for vi tilbake til meir taco og curlingfinale. Vi hadde ein svært hyggeleg kveld og natt!

Alt i alt har det vore ei kjempeflott, svært koseleg og alt for kort veke!